EIT STUDIE AV FLYT I TEIKNING
"Teikning nr 24.2: Må jobbe med område for område. Ikkje effektivisere ved å ta alle kantane først. Legg merke til at eg må sjå flaten. Oppteikning (starten) er konsentrert. Då må eg ta omsyn til dei innbyrdes størrelsesforholda – justere, viske vekk. Vidare skravering krevjast òg konsentrasjon, men her i dette arbeidet flyg tankane meir. For så å heile tida vende tilbake til arbeidet: lyden, strekane, retningane, mørkheit, lysheit, mellomromma i flatene, både i dei skraverte felta og også rundt, det som dannar komposisjonen. Gjer endringar undervegs i arbeidet. Legg til, trekk saman, forenklar. Arbeidet er så meiningsfylt – tenker at dette er enormt viktig for livet, tilværet og trivselen. Å skape, forme og bringe fram noko nytt. Kontrastane, flatene, blyantane, papiret. Legg av og til merke til at det er kaldt i rommet. Men det gjer ikkje noko. Eg teiknar."
- Kva karakteriserer, og korleis kjenneteiknast flyt i samband med teikning?
Masteroppgåve | Annlaug Auestad | Høgskulen på Vestlandet, juni 2023