Då eg var eit barn, teikna eg mykje. Det beste var å sitje på rommet fordjupa i teikninga. Gjennom den konsentrasjonskrevjande aktiviteten opplevde eg eit fråvær av stress og uro. Alt anna blei stengt ute, berre arbeidet med blyanten på papiret var viktig. Eg var i det som eg seinare skulle forstå at kallas «flyt». På skulen vart teikning noko eg greidde å utmerke meg i, det vart «mitt» område. I ettertid har eg forstått at teikneaktiviteten også den gongen var naudsynt for meg.

Arne Næss snakkar om det store i det litle, ved å «sysle med små ting på en stor måte». I den forbinding viser han til forfattar Pär Lagerkvist som fortel om ei kvinne som flettar ei korg «med en verdighet som innbyr til respekt. Hun er opptatt av sitt arbeid som om det var det eneste i livet». Lagerkvist meiner å sjå at engasjementet og måten å vere til stades i nået og i aktiviteten på, viser ein respekt for det ein er sjølv og også for gjeremålet (Næss, 2005, s.169-170).

Opplevinga av å vere så oppslukt i ein aktivitet kjenner eg igjen, i teikninga. Men også dette som omhandlar å ta seg sjølv på alvor i samband med teikneaktiviteten. Teikning har alltid stått for meg som svært viktig, og om det ikkje har vore det einaste i livet, så er det ikkje langt unna. I Eit studie av flyt i teikning går eg inn i desse prosessane, for å freiste å forstå meir av fenomenet flyt i skapande, kreativt arbeid.
Verka som visast er den estetiske undersøkinga knyta til masteroppgåva "Eit studie av flyt i teikning". Oppgåva kan lesast i sin heilskap her.​​​​​​​
Back to Top