- 22.2, 22.3 -
"Teikninga lever sitt eige liv. Det skjer nye ting og samankoplingar. Vekslar mellom lengre/kortare streker i skraveringa. Svært givande å jobbe slik: små «skrible» skisser/komposisjonar som så forstørrast og nye ting oppstår. (...) Arbeidet gir ei erkjenning: ein kan lese teori om flyt, men å sette det ut i praksis gir ei innsikt som ikkje ville oppstått utan det praktiske og utøvande arbeidet. (...) Teikninga er viktig, er kjernen for flyten. Dersom teikninga – komposisjonen ikkje tilfredsstiller så vil flyten ikkje oppstå. Altså meistring som gir eit resultat som eg finn interessant. (...) I den rutineprega skraveringa kan det også vere litt kjedeleg. Likevel, eg har eit mål, noko som skal løysast, eit uttrykk på papiret som skal fenge – ha kvalitetar. Flyt."