- 26.1 -
"Det må ikkje vere for mange detaljer som stel fokus i komposisjonen. Dersom arbeidet ikkje blir slik at det stemmer med det min intuisjon seier er nødvendig, så vil frustrasjon ta over for flyten. Men dette igjen kan føre til at det tas andre grep for å løyse problemet og dermed er flyten, tilfredsstillinga i arbeidet til stades igjen. Merkar at flyt/ frustrasjon kan oppstå nesten parallelt, eller desse momenta vekslar undervegs og begge er med på å drive arbeidet framover."